søndag 29. januar 2012

Livet i Peru

Naa var det ei stund siden forrige innlegg og det skyldes rett og slett at eg har hatt det ganske travelt i det sista. For tre veker siden starta me prosjektet og me er naa godt i gang med hjemmebesok og terapi til barna, -kjempekjekt. Eg gir barna ergoterapi og laerer opp dei lokale frivillige og foreldre, eg har og faatt provd meg litt som fysioterapeut og logoped (I vente paa at me faar det i teamet vaart og). Saa eg jobber med sansestimulering til multifunksjonshemmede, ordbilder og munnmotorisk trening til barna med downs syndrom, toyninger, lekegrupper, adl-trening, finmotorisk trening, kognitiv trening, haandtrening og rullestoltilpasninger. Saa det er variert og spennande arbeid, og det foles veldig nyttig og meiningsfullt. Eg faar og utfordra kreativiteten min, me har jo ikkje saa masse utstyr/leker aa velga blant her som eg hadde hatt om eg hadde jobba som ergoterapeut i Norge, men det er mange forskjelllige maater ein enkel leke kan brukest paa:) Leste forresten nylig ein artikkel paa internett at norske barn i gjennomsnitt har 500 leker kvar. Eg vil tippa at barna me jobber med har 5 leker i gjennomsnitt, men det er daa sjolvsagt leker dei delar med alle sine sosken!

Dei nye arbeidstidene mine er naa at eg reiser paa jobb halv 9 om morgen og er tilbake halv 7 om kvelden. Naar eg kommer tilbake skal eg skrive journalnotat og planlegge neste dags pasientar. Saa det var veldig herlig med ein fridag i dag og den har vore heilt fantastisk:) Me starta dagen med aa laga mangojuice og kaffi, gjekk saa til bakeriet og kjopte brod og paalegg og tok alt med oss paa stranda og aat frukost der. Fantastisk aa ete fruokost ute og sjaa ut paa bolgene! Etterpaa gjekk me tur paa stranda og kjopte himalaga mango og jordbaeris. Saa det skal eg prove aa lage naar eg kommer tilbake til Norge, her har me nemlig ikkje fryseboks! Ogsaa har eg surfa! Og naa staar valget mellom aa spela fotball med ein gjeng jenter herfra eller sjaa film med Omar.

Dei siste 3 dagane har det vore verdenscup i longboard her i Huanchaco. Masse folk paa stranda men uheldigvis var det veldig smaa bolger desse dagane. Eg fekk med meg semifinalen og fekk sjaa at ein herfra gjekk vidare til finalen, men i finalen var det ein fraa Brasil som vant. I gaar kveld var me paa premieringsfest paa stranda! Utrulig kjekt. Eit orkester spelte salsa, cumbia og all slags anna musikk saa der var me heile natt og dansa. Veldig kjekt men veldig tungt aa dansa paa sand, saa naa har eg gangsperr!

Saa maa eg jo og fortella at eg og Omar skal gifta oss, for dei av daakke som ikkje har faatt med daakke det! Bryllupet blir her i Peru og me glede oss masse:)

For dei som var med aa samla inn penger til Peru saa maa eg fortella at det ser naa ut til at det snart ordne seg med at me faar logoped paa plass, mest sansynlig neste helg:) Det blir bra! Eg komme med oppdatering.

Og ein siste ting aa fortella. Sist helg var soskenbarnet til Omar, Gabriel paa 7aar i Huanchaco. Me traff han og familien paa stranda. Det forste han sa til Omar var, "eg visste ikkje at du budde i paradis."
Haha, saa me har det flott her:)

 

søndag 1. januar 2012

Ecuador

Naa har eg snart vore i Peru i 6 mnd og turistvisumet mitt naerma seg utgaatt. Eg maatte derfor reise ut av Peru for aa kunne vaere her lengre. Daa flybillettane her er ganske dyre blei valget busstur til naermeste land - Ecuador! Baade eg og Omar har vore der for, eg var paa ferie der for 6 1/2 aar siden og Omar var der og deltok i  surfekonkurransar for 10 aar siden, men kjekt med ein ny tur. Me reiste med nattbussen sondag kveld (1. juledag) og var framme i Guayaquil (Kystby i Ecuador) neste dag, me var daa trotte etter ein lang busstur og bestemte oss for aa tilbringa kvelden i Guayaquil og reisa vidare til strendene neste dag. Eg huska Guayaquil som ein stygg by, men denne gangen fekk eg eit nytt intrykk. Den var mykje flottare enn eg huska. Kanskje er det for byen har utvikla seg dei siste aara, kanskje fordi eg var i andre delar av byen naa eller kanskje for eg har sett meir av verden naa enn sist eg var i Ecuador. Ecuador var nemlig forste landet eg reiste til som ikkje var i Europa. Uansett var byggene, gatene, bilane og husa flottare i Guayaquil enn fleire byar i Peru, men det var og dyrare. Overnatting som kostar 10 soles i Peru kostar 10 dollar i Ecuador, 1 time internett som kostar 1 sol i Peru kostar 1 dollar i Ecuador, slik var det med fleire ting like prisar men forskjellige valutaer (1 dollar er 2,70 soles).

Neste dag reiste me vidare til Puerto Lopez, som er ein liten fiskelandsby som ligger rett ved nasjonalparken Machalilla. Me fant oss eit hostel og bestilte snorkletur. Deretter gjekk me til minibanken for aa ta ut penger for aa betala alt, men det gjekk ikkje, heller ikkje kunne me ta ut penger i banken og ingen ville veksla vaare soles til dollar. Heldigvis traff me paa eit snillt ektepar fraa Quito som hjalp oss og ville veksla penger. Saa daa fekk me betalt hostelet og reist paa snorkletur som og inkluderte besok til flotte strender paa ei oy og padling. Veldig kjekt. For aa kunne ta ut penger reiste me vidare til Montañita som har fleire minibankar. Planen var aa surfa men me var uheldige med svellet og det var ikkje dei beste bolgene naar me var der, men utruligt herligt aa surfa i varmt vatn og ikkje minst uten vaatrakt, folte eg blei 10 kg lettare. Det var og herligt at det var sandbotn. Saa sjolv om me ikkje fekk dei beste bolgene saa var det veldig kjekt aa surfa. Stranda var fantastisk men plassen var ikkje vaar favoritt, fest kvar kveld, masse turistar, mange selgerar og masse braak. Me budde paa eit hostel langt vekke fraa stranda, likevel horte me musikk heile natta. Saa me me bestemte oss for aa reisa videre sorover og blei tipsa om Libertador Boliviar. Der var det roligare og ikkje saa masse folk, saa lite at det var ingen som var i sjoen aa bada eller surfa.
Me aat lunsj hjaa ein familie som hadde restaurant i huset sitt og eg spurte mitt standard sporsmaal om det er hai i sjoen. Eg venta at dei berre skulle le og sei nei, men fekk til svar at ja det er hai. Eg spurte daa om dei er tett paa stranda og og fekk til svar at ja dei passerer starnda naa og daa. Saa daa var valget ganske lett for oss begge med haiskrekk at der ville me ikkje surfa. Me fullforte lunsjen vaar og gjekk og skikka litt i landsbyen. Spurte oss fram etter ein plass aa kjopa hengekoyer og fant den perfekte hengekoya som me har vore paa leit etter i 6mnd :) Etterpaa stilte me oss i veien og haika oss tilbake til Montañita, der var nemlig beste plassen me kunne surfa. Saa me fant oss eit hostel i utkanten av landsbyen og det var ein mykje bedre plass.

Fredag og lordag reiste me tilbake til Huanchaco. 3 bussar, ein del venting, totalt 31 timar paa reis. Heldigvis er bussane i Peru veldig behagelige. Det er god plass, servering om bordog setet paa nokre bussar kan leggast ned slik at ein ligg i 180 graders stilling.
Me kom tilbake til Huanchaco 8 om kvelden og daa var det rett til nyttarsfeiring. Forst var me hos slektningane til Omar til middag etterpaa reiste me og feira nyttar paa stranda:)













                                                GODT NYTTAAR - FELIZ AÑO NUEVO