tysdag 29. november 2011

Rehabilitación con Esperanza

I gaar starta eg kartlegging av barna i prosjektet “Rehabilitación con Esperanza”, og planen er at eg skal bli ferdig med det til jul, slik at behandling kan starte naar prosjektet begynner i januar. For eg kom til Peru har orginisasjonen med hjelp av eit lokalt universitet besokt 3500 hus og intervjua 189 personar med funksjonshemning i sektoren Bellavista i bydelen La Esperanza. Av dei 189 personane med funksjonshemninger er 47 barn, og det er dei me skal starte aa gi terapi til i januar. Dei vanligste funksjonshemningane blant barna er downs syndrom, cerebral parese og synsvansker.

Omraadet er veldig fattig, gatene er av sand, dei har ikkje innlagt vatn og i overste sektor ligg stromledningane paa bakken. Dei fleste har murhus, men det er ikkje alle som har vindu eller dorer, nokre bur ogsaa i hus av plastikk eller straa. Omraadet er farlig med kriminalitet, me gaar derfor alltid i grupper og har alltid med oss ein lokal person som kjenner omraadet. Det er faa bilar, noko som gjer at gatene er fulle av barn som lekar, spelar volleyball, syklar ned bakkane, speler spel eller vil hjelpe oss aa vise oss kor det bur barn med funksjonshemninger. Saa det er ogsaa ein koselig plass med mange kjekke folk.

  

Maria, lokal fysioterapeut som eg jobber mykje i lag med. Her i ei typisk gate, berre at eg passa paa aa ta bilde naar det ikkje var folk som kunne sjaa kameraet  mitt.












Mange laushunder er det ogsaa, heldigvis er dei ganske late og ligger for det meste i ro.


















Ei av jentene i prosjektet.


















Mange av barna som me besoker har ingen form for bahandlling i dag. Fraa intervjuet som blei gjort i juli kom det fram at 66% har behov for behandling som dei ikkje mottar i hovudsak pga okonomi. Saa det er absolutt behov for oss.
I temaet vaart er det lege fra Colombia, sykepleier fra USA, psykolog fra Peru, fysioterapeut fra Peru og meg (ergoterapeut fra Norge). I tillegg har me ei gruppe lokale frivillige paa 8 stk som me skal laere opp og som skal fortsette aa gi behandling til barna naar me etterkvart trekker oss ut.



fredag 25. november 2011

Hei alle samen!

Naa har eg vore i Peru i over 4 mnd, og eg stortrivestJ Dei forste 6 vekene hadde eg ferie og brukte tida til surfing, strandliv, lesing, spanskkurs og matlaging. Det var eit herlig liv men eg var veldig klar for aa finna meg ein jobb. Med eit tilfeldig sok paa internet kom eg over orginisasjonen CMMB og heldigvis for meg hadde dei behov for ergoterapeut i naerheten av her eg bur. Saa det passa supert!

Naa har eg jobba som frivillig gjennom orginisasjonen CMMB siden 1. september. CMMB staar for Catholic Medical Mission Board og er ein orginisasjon med visjon om ein verden kor alle mennesker blir verdsett og helsetjenester av kvalitet er tilgjengelig for alle. Meir om orginisasjonen kan dykk lese her: http://www.cmmb.org/

Jobben min gaar ut paa at eg skal vaere med aa starte Community - based rehabilitation (CBR) i bydelen La Esperanza, som er ein av dei fattigare bydelane her i byen Trujillo. Maalet med CBR er aa sikre at funksjonshemmede faar utvikla seg fysisk og mental, at dei har like muligheter som resten av befolkningen og at dei er aktive deltakerar i lokalsamfunnet.    

I mens eg er med paa aa planlegge prosjektet “rehabilitacion con Esperanza” som starter i 2012 jobber eg paa ein klinikk- Clinica Madre de Cristo og eit helsesenter – Puesto de Salud Bellavista. Paa klinikken gir eg behandling til voksne og barn som har nedsatt haandfunksjon og problem med deltakelse i aktivitet. Paa helsesenteret jobber eg med ei gruppe eldre.

Det er veldig kjekke, meinigsfulle og utfordrande jobbar. Eg foler allerede eg har laert mykje. Eg moter blant anna pasientar med diagnosar som eg aldri har jobba med for, pasientar som ikkje har diagnose (for dei har ikkje raad til aa gaa til lege) og pasientar som trur eg kan kurera all slag problem. Men det er berre aa prove seg, for om ikkje eg gjer naake saa er det ikkje sikkert andre gjer naake heller. Saa masse nytt har det blitt. Eg har og faatt utfordra meg paa foredrag,  5  til naa! Forst var eg i Lima paa Ministerio de Salud og hadde foredrag om helsesystemet i Norge, deretter hadde eg to foredrag om ergoterapi for eldre paa ein legekonferanse i Piura, saa hadde eg undervisning om artrose for eldregruppa og sist helg 3 timars opplaering om cerebral parese til ei gruppe lokale frivillige.

Det var litt om det eg har gjort til naa. Framover skal eg prova aa oppdatera meir om jobben og livet i PeruJ