I gaar starta eg kartlegging av barna i prosjektet “Rehabilitación con Esperanza”, og planen er at eg skal bli ferdig med det til jul, slik at behandling kan starte naar prosjektet begynner i januar. For eg kom til Peru har orginisasjonen med hjelp av eit lokalt universitet besokt 3500 hus og intervjua 189 personar med funksjonshemning i sektoren Bellavista i bydelen La Esperanza. Av dei 189 personane med funksjonshemninger er 47 barn, og det er dei me skal starte aa gi terapi til i januar. Dei vanligste funksjonshemningane blant barna er downs syndrom, cerebral parese og synsvansker.
Omraadet er veldig fattig, gatene er av sand, dei har ikkje innlagt vatn og i overste sektor ligg stromledningane paa bakken. Dei fleste har murhus, men det er ikkje alle som har vindu eller dorer, nokre bur ogsaa i hus av plastikk eller straa. Omraadet er farlig med kriminalitet, me gaar derfor alltid i grupper og har alltid med oss ein lokal person som kjenner omraadet. Det er faa bilar, noko som gjer at gatene er fulle av barn som lekar, spelar volleyball, syklar ned bakkane, speler spel eller vil hjelpe oss aa vise oss kor det bur barn med funksjonshemninger. Saa det er ogsaa ein koselig plass med mange kjekke folk.
Maria, lokal fysioterapeut som eg jobber mykje i lag med. Her i ei typisk gate, berre at eg passa paa aa ta bilde naar det ikkje var folk som kunne sjaa kameraet mitt.
Mange laushunder er det ogsaa, heldigvis er dei ganske late og ligger for det meste i ro.Ei av jentene i prosjektet.
Mange av barna som me besoker har ingen form for bahandlling i dag. Fraa intervjuet som blei gjort i juli kom det fram at 66% har behov for behandling som dei ikkje mottar i hovudsak pga okonomi. Saa det er absolutt behov for oss.
I temaet vaart er det lege fra Colombia, sykepleier fra USA, psykolog fra Peru, fysioterapeut fra Peru og meg (ergoterapeut fra Norge). I tillegg har me ei gruppe lokale frivillige paa 8 stk som me skal laere opp og som skal fortsette aa gi behandling til barna naar me etterkvart trekker oss ut.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar