søndag 1. januar 2012

Ecuador

Naa har eg snart vore i Peru i 6 mnd og turistvisumet mitt naerma seg utgaatt. Eg maatte derfor reise ut av Peru for aa kunne vaere her lengre. Daa flybillettane her er ganske dyre blei valget busstur til naermeste land - Ecuador! Baade eg og Omar har vore der for, eg var paa ferie der for 6 1/2 aar siden og Omar var der og deltok i  surfekonkurransar for 10 aar siden, men kjekt med ein ny tur. Me reiste med nattbussen sondag kveld (1. juledag) og var framme i Guayaquil (Kystby i Ecuador) neste dag, me var daa trotte etter ein lang busstur og bestemte oss for aa tilbringa kvelden i Guayaquil og reisa vidare til strendene neste dag. Eg huska Guayaquil som ein stygg by, men denne gangen fekk eg eit nytt intrykk. Den var mykje flottare enn eg huska. Kanskje er det for byen har utvikla seg dei siste aara, kanskje fordi eg var i andre delar av byen naa eller kanskje for eg har sett meir av verden naa enn sist eg var i Ecuador. Ecuador var nemlig forste landet eg reiste til som ikkje var i Europa. Uansett var byggene, gatene, bilane og husa flottare i Guayaquil enn fleire byar i Peru, men det var og dyrare. Overnatting som kostar 10 soles i Peru kostar 10 dollar i Ecuador, 1 time internett som kostar 1 sol i Peru kostar 1 dollar i Ecuador, slik var det med fleire ting like prisar men forskjellige valutaer (1 dollar er 2,70 soles).

Neste dag reiste me vidare til Puerto Lopez, som er ein liten fiskelandsby som ligger rett ved nasjonalparken Machalilla. Me fant oss eit hostel og bestilte snorkletur. Deretter gjekk me til minibanken for aa ta ut penger for aa betala alt, men det gjekk ikkje, heller ikkje kunne me ta ut penger i banken og ingen ville veksla vaare soles til dollar. Heldigvis traff me paa eit snillt ektepar fraa Quito som hjalp oss og ville veksla penger. Saa daa fekk me betalt hostelet og reist paa snorkletur som og inkluderte besok til flotte strender paa ei oy og padling. Veldig kjekt. For aa kunne ta ut penger reiste me vidare til Montañita som har fleire minibankar. Planen var aa surfa men me var uheldige med svellet og det var ikkje dei beste bolgene naar me var der, men utruligt herligt aa surfa i varmt vatn og ikkje minst uten vaatrakt, folte eg blei 10 kg lettare. Det var og herligt at det var sandbotn. Saa sjolv om me ikkje fekk dei beste bolgene saa var det veldig kjekt aa surfa. Stranda var fantastisk men plassen var ikkje vaar favoritt, fest kvar kveld, masse turistar, mange selgerar og masse braak. Me budde paa eit hostel langt vekke fraa stranda, likevel horte me musikk heile natta. Saa me me bestemte oss for aa reisa videre sorover og blei tipsa om Libertador Boliviar. Der var det roligare og ikkje saa masse folk, saa lite at det var ingen som var i sjoen aa bada eller surfa.
Me aat lunsj hjaa ein familie som hadde restaurant i huset sitt og eg spurte mitt standard sporsmaal om det er hai i sjoen. Eg venta at dei berre skulle le og sei nei, men fekk til svar at ja det er hai. Eg spurte daa om dei er tett paa stranda og og fekk til svar at ja dei passerer starnda naa og daa. Saa daa var valget ganske lett for oss begge med haiskrekk at der ville me ikkje surfa. Me fullforte lunsjen vaar og gjekk og skikka litt i landsbyen. Spurte oss fram etter ein plass aa kjopa hengekoyer og fant den perfekte hengekoya som me har vore paa leit etter i 6mnd :) Etterpaa stilte me oss i veien og haika oss tilbake til Montañita, der var nemlig beste plassen me kunne surfa. Saa me fant oss eit hostel i utkanten av landsbyen og det var ein mykje bedre plass.

Fredag og lordag reiste me tilbake til Huanchaco. 3 bussar, ein del venting, totalt 31 timar paa reis. Heldigvis er bussane i Peru veldig behagelige. Det er god plass, servering om bordog setet paa nokre bussar kan leggast ned slik at ein ligg i 180 graders stilling.
Me kom tilbake til Huanchaco 8 om kvelden og daa var det rett til nyttarsfeiring. Forst var me hos slektningane til Omar til middag etterpaa reiste me og feira nyttar paa stranda:)













                                                GODT NYTTAAR - FELIZ AÑO NUEVO

1 kommentar:

  1. Flotte bilder Gry! :)Du begynner å bli skikkelig brun også.. Feliz año nuevo!

    SvarSlett