Etter 9 mnd i Peru er eg nå er eg tilbake i Norge og her er det kaldt! Eg må sei eg hadde rekna med å komma tilbake til ein varme og fine vår, men eg må nok venta litt lengre på det, men det var veldig kjekt å treffa igjen kjente:)
Dei siste vekene i Peru var travle. For å avslutta arbeidet mitt måtte eg levera frå meg alle papirer og der var det litt å gjer i forhold til oversetting og retting av spansken min, - og slik tar alltid litt lengre tid enn ein tenke, så det blei ein del kontorarbeid på slutten:)
Siste veka før bryllupet hadde eg fri fra jobben og då kom heile familien min på besøk, kjempe kjekt:) Sola viste seg på sitt besta og me hadde nåken fine dagar i lag!
Eg hadde familien min med på jobb, slik at dei skulle få bli litt kjent med plassen eg jobba på. Dei hadde med ein stor kuffert full av klær og leker til barna, det kom nok til stor nytte. Birgitte hadde samla inn penger på Madlavoll skole til hjerteoperasjon til Joan (Ein av guttane i prosjektet). Målet var å samla inn 7000kr, men tilsaman fekk dei inn 12.540kr, så det var jo heilt fantastisk:) Tusen takk Birgitte som samla inn og til alle som ville støtte. Kjempeflott at dåkken fekk inn så masse. Pengene kommer godt til nytte og sidan me fekk inn meir enn forventa kan me og hjelpa andre barn i prosjektet med skulegang, hjelpemidler eller støtte til operasjon.
Ruth Wenche hadde og innsamlingsaksjon frå Norge. Hu fekk inn 1600kr og me fekk då nok penger til å gi Raul på 9 år sitt første år på skule og ein rullestol. Tusen takk til alle som støtta der og:) Raul har nå fått eit nytt liv, frå å ligga i senga til å komma seg ut med rullestol og få skule 5 dagar i veka slik som søskena sine. Raul stortrivest på skulen!
Det var veldig trist å slutta jobben! Bedre jobb trur eg ikkje det er mulig å få. Alt føltes så nyttig og nødvendig, så sjølv om eg hadde arbeidsdagar opp mot 15 timar så blei eg ikkje trøtt- for jobben den gav rett og slett energi!
Så igjen tusen takk for alle som har støtta prosjektet i tida mens eg har vore i Peru.
Eg vett det er til stor nytte:)





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar